Daniel Jung, Germanistisk Institutt, UiB

 

Dreistadt og praktisk tysk

- evalueringsrapport

 

Denne rapporten er del av CALLMOO fase I - sluttrapport

 

0 innleiing

1 undervisninga

2 lærarrolla og språklæringa

3 mål med undervisninga

4 oppnåing av måla

5 fråfall blant studentane

6 tysk og teknikk

7 Dreistadt og tyskstudiet

8 forslag

9 sluttvurdering

 

0. innleiing

Denne rapporten er blitt skriven etter førespurnad av Carsten Jopp frå Callmoo-prosjektet. I denne rapporten skal eg formidle nokre av inntrykka eg sit att med etter eit semester som timelærar i praktisk tysk for G2-studentane ved Germanistisk institutt. Studentane fekk i dette pilot-prosjektet frivilleg opplæring i bruk av Dreistadt, ein dobbeltime i veka.

Etter avtale med Carsten er denne rapporten relativt uformell og tidvis noko personleg. Når eg seier "vi", refererer eg til Carsten og meg som i fellesskap stod ansvarlege for Dreistadtundervisninga i G2. Eg går ut frå at lesaren har vore innom Dreistadt, sett seg rundt og prøvd nokre av høva der, og at han er kjend med opplegget for fjernstudentane ved Germanistisk institutt dette semesteret.

     

1.undervisninga

I byrjinga prøvde vi å dele timane i to: i ein "statisk" (lesande) og ein "dynamisk" (interaktiv) del. Den første bolken skulle få studentane til å bli kjende med den praktiske bruken av nett-lesarar (vi nytta Netscape), surfe på verdsveven og hente inn informasjon om Tyskland, slik som: Korleis er vêret i Nordtyskland akkurat no? Kor høg er gallup-prosenten for kanslerkandidaten Schröder? Kva er den viktigaste nye rettskrivingsregelen?

Her er det viktig å merke seg at vi òg i denne "surfande" bolken tok utgangspunkt i Dreistadt og dei peikarane (lenkene, hypertekstkoplingane) vi hadde lagt ut der. På Dreistadt sitt bibliotek finst det t.d. ein "rettskrivingskiosk", der folk kan klikke seg vidare til aktuelle tyske lenker om reformen. Dreistadt er såleis éin stad med mange ansikt, éitt medium med mange moglegheiter.

I den andre bolken gjekk vi over til bruken av eit telnet-program (MacMoose i vårt tilfelle), som ein treng for å ferdast interaktivt i Dreistadt. Studentane skulle trene å snakke tysk med kvarandre og øve seg i bygging av objekter (ei kokosnøtt, eit brev som nokon fekk overrakt etterpå…) og bruken av dei automatiske skriptane. Her fall særleg det tyske ølet på Dreistadt-puben i smak (der finst det ein skript som rullar ein tekst nedover skjermen og fortel kor godt ølet smakar, kor tilfreds og avslappa ein vert når ein prøver det osv.). Det var ein artig ting å få med seg, og ein leikande tilnærmingsmåte til eit komplekst program. Det er fleire slike automatiske skriptar i Dreistadt; ein kan spørje "vertane" Norbert og Brigitte, som helsar brukaren og forklarar nokre av kommandoane med innebygd prøving (altså interaktiv), ein kan ete kjeks, og ein kan bruke Dreistadtbussen til å kjøre rundt i Dreistadt og sjå på ting. Eg vil tilrå auka bruk av slike skriptar.

Det viste seg fort at snakkinga var den artigaste biten av heile opplegget. Så fort dei hadde lært seg dei mest basale kommandoane, likte studentane svært godt å "skrivesnakke" med andre studentar på tysk, og var oppglødde av å sjå sine eigne tyske setningar "på trykk" i samtalen med medstudentane. Det gjorde ikkje så mykje at alle studentane sat i éitt og same rom, og godt kunne ha snakka saman på munnleg vis, det freista meir å gjere det via tastaturet.

     

2. lærarrolla og språklæringa

Sjølvsagt var det ein god del feilaktig tysk som vart produsert der, men vi hadde som mål å ikkje gripe inn i språkproduksjonen. Produksjonen og den umiddelbare gleda og responsen på innhaldet snarare enn form såg vi på som viktigare enn korrekt tysk. Eitt mål var jo òg å presentere eit alternativ til den såkalla drill-and-kill-læringa som finst på visse "interaktive" CD-rom-læreverk. Vi ville vise at bruken av datamaskin ikkje tyder å gi avkall på levande samhandling. Informasjonsteknologien kan like godt forbinde eitt (fleire) menneske istaden for å erstatte det. Studentane skjønte dette fort, og på denne måten blei det mange "naturlege" samtalar og rollespill, som kom i gang omtrent av seg sjølve. Eg viser igjen til den andre rapporten, som tar føre seg språkproduksjonen.

Snakkinga skulle vere fri. Når studentane derimot laga ting som skulle bli verande på Dreistadt (eit dokument med notat, eit rom) skulle vi kunne "gripe inn". Dessutan var vi alltid to tyskarar som leia undervisninga, og studentane visste at dei alltid kunne kome til oss med språklege spørsmål, anten munnleg eller via tastaturet. Både Carsten og eg har såleis likevel kunne svare på ein heil del spørsmål.

Læraren har her ei rolle som deltakar i samtalen heller enn ei vakt. Han er med på å fremje språk"lagings"prosessen hos studentane, han utfordrar studentane til å ytre seg heller enn å kreve rett resultat. Det er dette dei norske studentane treng: å bli kvitt prestasjonsangsten overfor tyskarar. Eg viser til rapporten etter intervjuet, som syner at studentane framhever nettopp dette; det er blitt flinkare til å tørre snakke, til å ytre seg samtidig som dei tenkjer, og ikkje etter lange og velovervegde tankar.

Men samtaleformen i Dreistadt gir òg plass for meir tradisjonell språkformidling. Eg har t.d. alltid lagt vekt på å strø inn særtyske ord og uttrykk inn i samtalane, og forklart dei eg ikkje kunne tru at studentane meistra. Eg skal gi nokre døme. Anten skjedde det uoppfordra:

    E tanzt voller Energie

    Daniel nimmt sein Schifferklavier heraus und spielt zum Tanz auf

    Daniel sagt: "(Schifferklavier = torader)"

    eller etter at eg hadde forvissa meg at ordet var ukjent:

    E [zu Daniel]: dann wuerde es bei mir immer piepen

    Daniel sagt: "Bei dir piepts wohl!"

    Daniel sagt: "weisst du was das bedeutet?"

    E [zu Daniel]: nein

    Daniel sagt: "(=du har en skrue loes)"

Særleg kjekt er det, når studentane på denne måten lærer eit ord eller uttrykk, og seinare bruker det av seg sjølve i ein annan samanheng. Ta t.d. denne biten av ein samtale om vêret i feriane:

    Daniel sagt: Wen schert schon das Wetter, wenn er eine gute Flasche Wein hat?

    Daniel sagt: (scheren = klippe ull; das Wetter schert mich nicht = eg drit i vêret)

    Og ein god del seinare, etter at temaet er blitt skifta fleire gongar:

    E sagt: Kekse scheren mich nicht. (Jippi, ich habe einen neuen Satz gelernt!)

Døma er mange. Eg har likevel ikkje inntrykk av at det forstyrra flyten i samtalen noko særleg ? einkvar samtale med ein framandspråkleg vert jo frå tid til annan avbroten av språklege spørsmål (når ein studerer det språket), og orda og uttrykka passa inn i temaa.

Det bør òg nemnast at studentane enkelt kan rulle opp teksten og sjekke det som vart sagt (samstundes med samtalen). Dessutan kan dei ta opp samtalane på "cyber"-band og sjå på dei heime eller seinare. Fjernstudentane gjorde jo stor bruk av dette høve og publiserte heile "førelesingar" på nettet. Vi nemnde dette for G2-studentane, men gjorde eigentleg ikkje noko særleg bruk av det. Dette kunne vere ein idé for neste semester.

Då vi fekk tyske studentar inn i systemet og avtalte møtetid i Dreistadt, slik at våre studentar kunne treffe "ekte" tyskarar, hadde diverre dei fleste allereie slutta. Men dei som var att, vart enda meir begeistra: No var det folk frå Kiel og Münster og andre stader som ein kunne spørje om aktuelle tyske forhold og personlege interessar. Vi kom inn på mange tema, blant anna musikk, rettskrivingsreform, tysk Bundestags-val, religion, turisme, for å nemne nokre. Vi streifa òg personlege problem av typen "Naboane dempar aldri musikken om kvelden, og eg får ikkje sove… Kva skal eg gjere?". Fleire gongar gjekk folk inn i eigne rom for å sleppe mylderet av ulike stemmer; dei fann ut at det var enklare å konsentrere seg om éit tema og éin person på denne måten. Eg vil trekkje dette fram som eit stort plusspunkt for Dreistadt.

Denne interaktive biten med ein annan "hjerne" som partnar var så interessant for alle partar at vi etter kvart valde å konsentrere oss om chattinga framfor objektbygging og surfing. Eg trur det var eit godt val, og at studentane seinare kjem att til surfing og objektbygging av seg sjølve (evt. med hjelp frå vår side).

Kontakten med dei tyske studentane var god. Det kan hende at fråfallet hadde blitt mindre dersom ein hadde introdusert tyskarane på eit tidlegare stadium. Likevel hadde dei norske studentane som var att stor glede av denne kontakten, og folk utveksla email-adresser og tok kontakt utanom Dreistadt-timane òg.

Tyskarane var norskstudentar eller folk med nokre norskkunnskapar. Dette viste seg å vere svært heldig. Det vart laga eit eige rom ("fisketorget"), der ein kunne gå og preike norsk. Dette gjorde vi i fellesskap i ein time. Det hjelpte å gå ein annan stad for å snakke norsk; då hadde ein tydeleg markert ein overgang frå det eine til det andre språket òg (sjølv om ein såklart i begge tilfella kunne bruke sitt eige språk som hjelp). På denne måten fekk dei norske studentane òg vere på "heimebane" ei stund, og skjønte på norsken deira at "tyskarane heller ikkje er feilfrie", som ein student sa det i evalueringsmøtet. Dermed vart det endå lettare å berre "preike i veg" på tysk etterpå.

Samtalane med dei tyske syner at dei syntest det var gøy og lærerikt å vere med på prosjektet.

 

3. mål med undervisninga

Studentane skulle gjennom dette prosjektet:

Ved sida av (eller som grunnlag for) desse hovudmåla skulle studentane også få ei innføring i bruk av datamaskin, MOO-program og navigering på verdsveven.

Når det gjeld siste punkt i oppramsinga, så må det forklarast. Alt som er på Dreistadt, er eit objekt; kvar spelar, kvart hus, kvar notis er eit "objekt" med eit nummer, og er samstundes ei side på verdsveven. Dersom ein skriv ein lapp med notat på og legg han ein stad i Dreistadt, er denne lappen tilgjengeleg for alle som surfar på Dreistadt-sidene.

Studentane brukte t.d. ein time til å pynte sitt eige seminarrom, med plakatar, kaffimaskiner, palmar osb. På samme måte kunne dei òg lage meir avanserte ting, som t.d. eit dokument som inneheld studierelatert materiale, altså ei semesteroppgåve eller noko slikt. Diverre var det berre éin student som nytta høva til å publisere semesteroppgåva si der.

 

4. oppnåing av måla

No har vi ikkje hatt noko form for test for å finne ut kor mykje tysk studentane har lært i løpet av dette semesteret (longitudinalstudie). Det gir heller ikkje meining å bruke dei "fråfalne" som kontrollgruppe. Men eg kan etter samtalar med studentane trygt slå fast at dei har fått auka interesse for tysk, både studiet og språket og dei høva verdsveven opnar for.

Når det gjeld studenten eg nemnde ovanfor, så tok han føre seg pensumlista i litteratur og skreiv eit kort samandrag til kvart verk samt nokre refleksjonar, og fyllte ikkje minst på med lenker til biografiar og tekstsamlingar om dei einskilde forfattarane. Desse lenker peiker då til nett-sider utanfor Dreistadt. Og det var akkurat det vi hadde ønskt oss: binde Dreistadt tettare inn i verdsveven og leggje til rette for seinare studentar slik at dei kan få hjelp i førebuingane til eksamen ? samt gi eit rom til publisering av studentskrive materiale (som plattform for diskusjon). Prosjektet hans kan ein forøvrig sjå under: http://cmc.uib.no:7001/974

Då eg byrja dette kurset trudde eg at alle skulle/ville publisere noko slikt; kanskje ikkje så omfangsrikt, men likevel i alle fall eitt dokument med lenker. I ettertid skjønner eg at dette målet kanskje var for ambisiøst. Grunnen til at ikkje fleire gjorde det, var nok mangel på tid og kunnskap: det å lære seg hypertekstspråk og -kommandoar krev nok ein spesiell innsats, særleg når studentane ikkje har noko tilbod om kurs i slikt utover undervisninga i praktisk tysk. Eg kjem tilbake til konsekvensen av dette.

For å få eit inntrykk av korleis studentane oppnådde dei språklege måla, viser eg igjen til den andre rapporten.

 

5. fråfall blant studentane

Mange av studentane slutta diverre etter kort tid. Av 18 studentar var det til slutt berre fire att. Det finst fleire moglege forklaringar for dette fråfallet:

 

6. tysk og teknikk

Eg har i 1 skildra at skriptane (øldrikking, kjekseting, busskjøring) var ei kjelde til glede og informasjon hos studentane, og at ein bør utvide bruken av slike skriptar.

I 4 nemnde eg den spesielle innsatsen til studenten med litteraturprosjektet.

Problemet her er at skriving av slike skriptar må lærast, dei er ikkje medfødde. Dei krev innsikt i programmeringsspråk. Det same gjeld for skriving av hypertekstdokumentar, og rettleiing av studentar som prøver seg på det. Det kostar ein god del tid, innsatsvilje og teknisk forståing frå læraren si side.

Til å byrje med meinte eg at det ikkje kunne vere tysklæraren si oppgåve å bruke tid på denne biten. Men arbeidet med Dreistadt har tydelegare enn noko anna vist meg at vi er i ferd med å bli eit informasjonssamfunn, der bruken av tekniske ressursar som datamaskiner er eit grunnlag for alle, ikkje minst for språklæringssektoren. I dag krev ein at ein tysklærar skal kunne bruke ein overhead-prosjektor og ein kasettspelar. Det er ingen vesensforskjell i kravet som møter læraren i Dreistadt, det er ein gradsforskjell. Snart bruker alle verdsveven, hypertekstkoplingar og skript-skriving i undervisningssamanheng. Det gjeld å gjere seg desse høva til nytte, slik at dei kan tene måla våre: å auke kvaliteten i språkformidlinga og ?læringa.

Ein må vere klar over at Dreistadtprosjektet krev to ulike kompetansar/ressursar, det språklege og det tekniske. Desse ressursane er det slett ikkje alle tysklærarane som kan varte opp med. Men framtida kjem til å kreve lærarar som kan begge delar, og eg tilrår på det sterkaste at instituttet støtter kursing av både lærarar og studentar.

Eg vil i denne samanhengen understreke det gode samarbeidet Carsten Jopp og eg hadde. Eg fekk både bruk for data- og språkkunnskapane (og undervisningserfaringa) mine og lærte mykje nytt om både skriptskriving, hypertekstkommandoar og språkundervisning med hjelp av dette nye medium.

     

7. Dreistadt og tyskstudiet

Studentane har etter endt kurs lært fleire ting: dei har lært å handtere ei datamaskin samt fleire program, blitt kjende med tyskarar, funne fram til fagrelatert informasjon på verdsveven og auka tyskkunnskapane. Dei har med andre ord fått eit grunnlag for vidare orientering og navigering i den tyske verda ? både virtuelt og språkleg. Såleis er Dreistadt eit slags springbrett.

Men det er meir enn det. Slik som Dreistadt forandrar seg med deltakarane (når nye hus blir bygde), slik forandrar òg deltakarane seg. Dreistadt er ikkje ein stad man lærer og blir testa i på eksamen, det er (når ein nyttar det rett) eit uhyre kraftfullt verktøy for læring. Denne læringa skjer over tid, og ho er mogningsorientert. Det er difor ein naturleg tanke å leggje til rette for bruk av Dreistadt på alle trinn i tyskstudiet. Ein grunnfagsstudent vil kunne få glede av å innrede eit eige rom og treffe tyskarar, ein hovudfagsstudent vil kunne dra stor nytte av å finne lenker til temaet for hovudoppgåva si og t.d. presentere oppgåva si der. I tillegg kan Dreistadt bidra til å auka kontakten og utvekslinga mellom trinna, og dermed verke som reklame for vidaregåande studiar (og studium) i tysk.

 

8. forslag

Så lenge studia er organiserte slik dei er i dag, med semesterviss skuleeksamen som den einaste saliggjerande måten å teste oppnådde kunnskapar på, vil frivillege tiltak som Dreistadt uansett ikkje nå alle studentane. Det vil vise seg at berre dei mest ressurssterke studentane klarar å halde det gåande og ikkje let seg knekkje av tekniske vanskar. Dei svake vil falle gjennom, uansett kor fine maskene er i vårt pedagogiske nett. Det er naturleg, og det må ein leve med. Eg trur likevel at det går an å nå fleire studentar enn det vi klarte dette semesteret, og dermed gi fleire studentar både auka glede av og interesse for det tyske språket og tilgang til kunnskap. Eg vil ramse opp nokre punkt ein bør tenkje på når ein vil auka deltaking og suksess (dei står litt lenger nede).

Eitt av grunnlaga for å implementere eit data- og nettprosjekt i tysk grunnfag var følgjande: Bruken av data og verdsveven er i ferd med å bli (eller er blitt) ein conditio sine qua non òg for humanistar, for tileigning og utveksling av informasjon og auke av språkkunnskapar. Verdsveven er komen for å bli (sjølv om han sikkert kjem til å forandre seg), og det er viktig å lære data- og netthandsaming tidleg i studia.

Men som eg har vore inne på, manglar mange av studentane slik kunnskap. Det går for mykje tid med dersom tysklærarane i praktisk tysk må lære studentane korleis dei skal skru av og på maskina, finne fram på harddisken og korleis dei skal bruke to program samtidig utan å logge seg av det første. Det har som sagt ingenting med tysk språk å gjere. Dessutan ligg det ein fare i at studentane forbind eventuelle nederlag dei opplever med tysk, sidan det var det dei trudde dei jobba med.

Eg håper at utviklinga av eit slikt grensesnitt vil syne like gode framsteg som innføringa av særteikna å,æ,ø,ü,ö,ä,ß. Det er likevel mogleg at datamaskinparken (multimediastova) er for gammal til å kunne kjøre eit slikt grensesnitt. Ein må rekne med at det blir nødvendig å oppgradere der òg (program- og/eller maskinvare). Instituttet bør vere ein pådrivar i denne samanhengen.

 

9. sluttvurdering

Eg har no skrive ein god del om problem ved bruken av Dreistadt. Likevel meiner eg at Dreistadt er eit framifrå verktøy for tysklæringa.

Problema eg har skissert kan løysast - nokre på ein enkel måte (progresjon i og oppbyggjing av undervisninga), andre berre på sikt (innføring av nytt grensesnitt: det må lagast, og studentmaskinene tilpassast). Instituttet bør absolutt satse på det og leggje best mogleg til rette for utvikling på dette feltet.

Ei aktiv støtte av dette opplegget vil, etter mitt syn, auka instituttet sitt rykte utad og innad. Germanistisk institutt vil kunne gjelde som forgangsinstitutt både innanfor germanistikken og vere ein pådrivar overfor fakultetet ? med tanke på utbygging av IT-høva og krav innanfor dei humanistiske faga.

Men ikkje minst vil studentane nyte godt av dette prosjektet. Dei vil gjennom samtaler, samhandling få ei ny og beidare innsikt i tysk språk. Dei vil gjennom den raske chattinga få eit nytt forhold til det å produsere språk ? òg overfor ein tyskar. Dei vil gjennom Dreistadt som utgangspunkt lære en heil del om tysk språk og kultur, som etter engelsk er det nest største språket på verdsveven. Dei vil gjennom server-plassen dei disponerer kunne meddele sine tankar (semesteroppgåver osb.) til eit stort publikum og få respons. Dei vil gjennom samarbeidet og diskusjon med andre studentar på ulike trinn sjå ein større samanheng og mogning i tyskstudiet. Og det er jo det vi vil: auke kvaliteten i tilbodet for studentane våre.

 

øverst på sida