delprosjekt: moolin rouge

TITTEL

Moolin Rouge

ein moo for franske fjernstudentar

URL

http://cmc.uib.no:9000

MEDARBEIDARAR

Daniel Jung

FAG OG NIVÅ

fransk fjernstudium, grunnfag (sjå målsetjing)

BAKGRUNN OG MÅLSETJING

Moolin rouge starta opp i februar 1999 etter ein idé av Espen Aarseth. Vi presenterte ein modell for franskseksjonen, og dei sa seg villege til å bruke dette internet-baserte medium i sin fjernundervisning. Moolin rouge blir brukt av studentane sia 11.3.1999.

Moolin rouge er - enkelt sagt - ein kopi av Dreistadt. Men i motsetnad til Dreistadt dreier det seg utelukkande om fjernstudenter som loggar seg på heimanifrå. Det tyder at vi kan ta i bruk meir avansert teknologi - maskinene brukarane har sjølve er betre enn tilbodet multimedialaben til HF-fakultetet gir. Moolin rouge er det første av prosjekta som tar i bruk ein integrert enCore Xpress/Mootcan-versjon (sjå der). Slik fungerer Moolin rouge som testmoo for delprosjektet med Sindre Sørensen i spissen.

På den andre sida er moolin rouge eit tilbod til fjernstudentane som elles ikkje har høve til å kome saman - bortsett frå nokre helgesamlingar per semester. Fjernstudiet i fransk er lagt opp slik at studentane får undervisning i grammatikk først. I det andre året kjem litteratur og landskunne til. Kurset er no inne i sitt første år, og dermed har studentane behov for å utveksle og diskutere eksamensoppgåver i kollokvium. Eg har derfor laga fleire virtuelle kollokvierom der studentane kan møtast uforstyrra.

Mooen er alltid open, og studentane blir oppfordra til å møtast der på eige initiativ. Bortsett frå det er det éi felles samling på ein dobbeltime i veka. Det har til no berre vore ei første samling, det står altså att å sjå korleis studentane kjem til å bruke dette tilbodet. Samlingane blir leia av Kristin Dancke frå Romansk institutt og meg.

Grammatikkeksamenen skal skrivast på norsk. Derfor fell det naturleg å prate på norsk om grammatiske tema; dessutan er læreboka på dansk. Studentane har ikkje franske omgrep for grammatiske einingar. Det har ført til at vi reknar med å dele samlingane i to; ein norsk del om grammatikken, og ein fransk del med "laus" prating om kvardagslege ting. Det er elles ikkje så mange høve studentane har til å praktisere fransk.

Det viktigste er å gi studentane ein "virtuell" stad å møtast, der dei kan praktisere fransk og få "menneskeleg" hjelp med spørsmål om grammatikk. Det har vi fått til. Elles har eg byrja å bruke "biblioteket" til å leggje ut lenker til aktuelle franske grammatikk-relaterte nett-sider. Litteratur-sider kjem då i neste semester. Vi har òg laga ei pedagogisk "ku", ein slags robot som gir svar på grammatiske spørsmål på aspirasjonen av initial h i tilfeldig valde ord (eit vrient felt i fransk grammatikk). Men slike prosjekt er "luksus" i forhold til utviklinga av Moolin rouge som ein lett tilgjengeleg nett-konferanse-stad og truverdig

Ei målsetjing er òg å implementere franskspråkleg særeige i moo-språket. Det tyder at vi bruker ein del ressursar ikkje berre på omsetjing av engelske kommandoar, men òg på nyskriving av dei delane som genererer output. Her vil eg nemne kjønn, preposisjon og artikkel. Praktiske døme: "you now have a... you don't have any... You go to..." kan ikkje berre omsetjast, det må lagast rutinar som undersøkjer substantiva sitt kjønn, vokalisme, bunden eller ubunden artikkel osb. slik at meldinga blir korrekt: "Tu vas à la salle, tu vas au moolin, tu viens du bureau, tu n'as pas de hanche, tu vois l'héroine". Dei orda med feit skrift er ord som er samansmelta etter hierarkiske sett med reglar. Det tyder at mooen kan programmerast til slike rutinar.

Eit anna problem er at programmet ikkje oppfattar anna enn kommandoar som til dømes "legg bok på bord" og ikkje "legg boka på bordet" slik det er i vanleg talespråk. No er det slik at studentane ikkje bruker mooen til laging og modifisering av objekt enno, slik at dette ikkje er presserande. Likevel tel dette til mine personlege hjartesaker.

Dersom vi klarar å frigjere ressursar på det området og modifiserer input og output på den måten eg har skissert, vil vi gjere det andre mooer har forsømt, ikkje hatt kunnskap om eller ressursar til: Å forme moo-språket etter menneskespråket, ikkje tvinge menneska til å bruke maskinspråk. Dette er særleg viktig når ein tenkjer på at vi driv med språkundervisning og -formidling der maskina skal vere en tener for menneskeleg samkvem, ikkje rammegjevar.

FREMDRIFT

Det er ikkje blitt utarbeidd noko framdriftsplan. Ein må vente å sjå korleis studentane tar imot tilbodet. Først då kan ein sjå kva ein må satse på, og kor fort det eventuelt skal gå føre seg.

Jobben fram til då består i å omsetje engelske kommandoar og output til fransk og laging av særfranske underrutinar, samt utprøving av Xpress-grensesnittet "in vivo".

SAMARBEID

Tett og godt samarbeid med Sindre Sørensen.

Ønsker samarbeid med franskkyndige som har same syn på menneske-/maskinspråk som meg.