delprosjekt: Xpress og MOOtcan

TITTEL

enCore Xpress og MOOtcan

URL

http://cmc.uib.no:8000/

MEDARBEIDARAR

Sindre Sørensen

BAKGRUNN OG MÅLSETJING

Dette delprosjektet består av fleire aspekt ved utvikling av eit MOO interface for www. MOO-brukarar har, brorparten av åra som MOO-serveren LambdaMOO har eksistert, nytta eit linjebasert telnet-liknande grensesnitt. Ettersom grafiske terminalar har blitt kvardag for dei fleste brukarar, har behovet for fornying av grensesnitt mot MOO auka.

LambdaMOO i seg sjølv har eit kraftig objektorientert programmeringsspråk. Dette ser ut til å halde mål i forhold til nye bruksmåtar og maskinvare. Dei siste to eller tre åra har det dukka opp ein del MOO-variantar med forskjellige former for web-integrering.

LinguaMOO er ein av MOOane som har starta med web-integrering. Jan Rune Holmevik, ein av administratorane ved LinguaMOO har i løpet av 1998 og 1999 vidareutvikla dette systemet i samarbeid med Sindre Sørensen. Namnet på systemet er enCore Xpress. Eit av hovudmåla bak utviklinga av grensesnittet har vore at det skal vere enkelt for nye MOO-brukarar å ta MOO i bruk. Dette fører til at grupper av brukarar som har hovudtyngd av fagleg interesse på andre felt enn det "tekniske" slepp å møte ein terskel som er så høg at dei snur straks dei ser dørstokken.

FRAMDRIFT

Mars 1999

Systemet har allerede mange brukarar ved LinguaMOO. LinguaMOO fungerer som ei kjeldekode-ressurs for MOO-system for diverse utdanningsinstitusjonar. Mange av desse vil etterkvart oppgradere til den nyaste versjonen av grensesnitt (som no er enCore Xpress 2.0). Det gjenstår framleis ein del feilretting. Og det er alltid ting som kan gjerast på andre og bedre måtar i grafisk layout etc.

Java-klienten MOOtcan er forsåvidt brukbar slik som han er. (MOOtcan er den interaktive halvparten av enCore Xpress). Men her er det også eit par ekstra finesser som kan leggjast til. Som t.d. fargemarkering av forskjellige typar hendingar. Mykje av tida i arbeidet med denne har gått til utvikling av kompabilitet med forskjellige JVM-ar og feilsøking av forskjellige implementasjonar av Java AWT.

Juni 1999

Xpress er under stadig utvikling. Mange nye detaljer har kome pŒ plass. Web-tjenar-delen er gjort meir effektiv. Systemet er nŒ gjort tilgjengelig for dei som mŒtte ynskje Œ laste det ned og k¿yre det pŒ lokal maskin.

SAMARBEID

Programmeringsarbeidet blir stort sett utført i MOO og i Java. Sjølvsagt vil det ofte vere nyttig å kunne vise fram og diskutere kode med andre.

Under utvikling av brukargrensesnitt er det også på mange tidspunkt både nyttig og påkrevd å få tilbakemelding frå andre.

Sindre Sørensen kan sjølv bidra med kompetanse innan Java, JavaScript, MOO, UNIX, shell, noko C, nettverk, nettverkstjenarar, og litt feilsøking på windows / mac med tilhøyrande nettlesarar.

Alt me lagar i dette delprosjektet blir tilgjengelig under lisensen GNU GPL. Dette tyder i praksis at dei som ynskjer det får tilgang på kjeldekode og software. Så dersom andre prosjekt ynskjer å ta i bruk produkter frå oss, er det fritt fram.